Vi fekk i oppgåve å sjekke ut framtida.no etter nynorske artiklar som vi fann interessante. Framtida.no er ei side som er laga for å styrke nynorsk for framtida. Artikkelen eg las var «får bruke nett på eksamen».
Artikkelen handlar om at enkelte vidaregåande skular får bruke internett ved eksamen som eit forsøksprosjekt. Viss dette blir vellykka, skal prosjektet utvides i 2013. I følgje Sissel Skillinghaug i Utdanningsdirektoratet, handlar det om å la elevane få jobbe med dei hjelpemidlane dei er vane med.
Min meining om internett på eksamen er blanda. Eg synas at det er nødvendig sidan elevane er vane med å bruke internett som hjelpemiddel, men viss vi får bruke internett, er det samtidig mykje enklare å jukse. Viss utdanningsdirektoratet er heilt sikre metodane som forhindrar kommunikasjon og juks synas eg at internett på eksamen er ein god ide til framtida.